Now hiring

Sjukepleiar/vernepleiar i 80% nattstilling, Korttidspost Engenhuset @ Helse Bergen HF, Rus- og avhengigheitsklinikken

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Rus- og avhegigheitsklinikken (RAK) i Helse Bergen HF søker nattevakt. Vi held til i flotte lokale i Håkonsgaten 1 - midt i Bergen sentrum. På Engenhuset er vi eit stort fagmiljø beståande av korttidspostane, Heroinassistert behandling, Poliklinikk, KORUS, forsking, ambulant og URO. Vi gir tilbod om rusbehandling til 24 pasientar fordelt på 2 postar. Vi tilbyr kjønnsdelt behandling, derav ein post er for kvinner og ein post er for menn. På korttidspostane jobbar vi hovudsakleg med medisinsk avrusing men har stort fokus på å utøve god miljøterapi. Vi har også eigen treningsterapeut og musikkterapeut.Hos oss jobbar vi tverrfagleg og det er tilsett sjukepleiarar, vernepleiarar, legar, overlegar, psykolog, musikkterapeut, sosionom, erfaringskonsulentar, helsefagarbeidarar og assistentar. Er du ein trygg og engasjert sjukepleiar eller vernepleiar som trivst med å jobbe sjølvstendig – og som liker roen (og utfordringane!) nattarbeid bringar? Då kan dette vere stillingar for deg. Korttidspost Engenhuset i Helse Bergen søker fagleg engasjert og trygg sjukepleiar eller vernepleiar til ei 80% stilling på natt. Med arbeid hver 3 helg i langvaktsturnusØnskeleg med snarleg oppstart og kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.På Korttidspost Engenhuset møter du pasientar med ulike problemstillingar. Vi tilbyr eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med kollegaer som støtter kvarandre, deler kunnskap – og som har både humor og hjarte på rett plass.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores