Now hiring

Dirigent for Stordal skulekorps @ Fjord kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med på å gjere ein forskjell for eit lite, men engasjert skulekorps i vakre Stordal? Stordal skulekorps har musikantar i alderen 9–17 år, i tillegg til fleire støttemedlemmer over 18 år som deltek når dei har høve. Frå januar 2027 vil korpset ha 12 faste musikantar på øvingane. Korpset har ei engasjert foreldregruppe som bidreg aktivt til drift og arrangement. Korpset har vore ein viktig del av musikkmiljøet i Stordal sidan oppstarten i 1963. Kvart år gjennomfører dei eit vår- og eit haustprosjekt, og deltek på faste arrangement gjennom året. Mellom anna medverkar dei til 17. mai-feiringa, julegrantenning, adventskonsert i Stordal kyrkje og eit korpsstemne i løpet av sommar- eller haustsesongen.

Stordal skulekorps har øvingsdag torsdag ettermiddag/kveld. Fjord kulturskule Fjord kulturskule har følgjande stillingsdelar ledig for fast og/eller mellombels tilsetting: Inntil 16% direksjon Stordal skulekorps. Stillinga vert primært utlyst som fast stilling, men endeleg tilsettingsform og omfang vil bli avklart i løpet av tilsettingsprosessen. Samarbeidet mellom kommunen som arbeidsgjevar og skulekorpset som oppdragsgjevar er regulert i ein eigen avtale. Korpset har uttalerett i tilsettingsprosessen. Ønska oppstart av stillinga er januar 2027.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores