About this role
Eidsdal skule er ein 1.–10.-skule idyllisk plassert i bygda Eidsdal i Fjord kommune, omgitt av spektakulær natur og verdsarvområde. Skulen har om lag 50 elevar og eit engasjert personale som arbeider saman for å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for alle elevar. Skulane i Fjord kommune deltek i eit toåring læringsmiljøprosjekt, og har tett tverrfagleg samarbeid med barnehage, PPT og helsestasjon. Som ein mindre skule har vi nærleik til elevane og gode moglegheiter for å sjå den enkelte. Vi legg vekt på læring, trivsel og fellesskap, og har eit tett samarbeid med føresette, lokalsamfunn og andre tenester rundt barn og unge. Gjennom målretta utviklingsarbeid arbeider vi for å gje elevane eit best mogleg grunnlag for vidare utdanning og livsmeistring. Eidsdal skule er kjent for sitt innovative utviklingsarbeid gjennom satsinga Verdsarvskulen, der berekraft, kulturarv, natur og lokalsamfunn er integrert i læringsarbeidet. Skulen har gjennom mange år utvikla ein sterk kultur for prosjektbasert læring, samarbeid med lokalsamfunnet og aktiv bruk av nærområdet som læringsarena. Skulen har eit aktivt samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og samarbeidsskulen i Gustavus, Alaska (USA). Vidare er skulen medlem i UNESCO sitt ASPnet (Associated Schools Project Network) og i FN-sambandet sitt skulenettverk som godkjend FN-skule. Som rektor får du høve til å vidareutvikle ein skule med ambisjonar for både læring, trivsel og berekraftig samfunnsutvikling.