About this role
I Fjord kommune på Sunnmøre kjennast livet litt meir ekte, og kvardagen lettare. Her vaknar du til fjordglimt og sterke lokalsamfunn, ungar som spring trygt mellom gode nærmiljø, og ein kvardag der både skule, barnehage, natur og fritid er tett på – og lett å bruke. I Fjord kommune finner du eit rikt kulturliv og næringsliv i utvikling. Vi tilbyr ikkje bare ein jobb, men ein stad der livet rett og slett smakar betre. I Fjord er det korte avstandar, mindre stress og rom for å puste – men òg store mulegheiter, gode tenester og eit lokalsamfunn som faktisk ser deg.Les meir om alt Fjord kommune har å tilby på OPPLEVFJORD.NOOg for å gjere starten enkel, vi hjelper deg inn på ekte det første året! Gratis husleige i 6 månader, hjelp til å finne bustad, gratis abonnement på treningsenter i kommunen, årskort til Arena Overøye og Tafjordbadet for deg og familien. I kommunen vår er det i dag behov for fleire flinke folk til arbeidsoppgåver i Helse og oppvekst sektoren om du har partner som også er på jakt eetter arbeid. Vi har og god kontakt med det private næringslivet i kommunen og kan også formidle kontaktar i så måte.Her er terskelen låg, og utsikta heilt rå. Bli med heim til Andreas Ødegaard - Folk i FjordVi ser etter deg som har lyst til å ta styringa – ikkje berre jobbe i ein kommune, men vere med på å løfte ho. I denne rolla får du vere personen som gjer kvardagen trygg, effektiv og smart for både innbyggjarar og kollegaer. Du få sitte saman med gode kollegar på Kommunehuset i Stordal.Har du spørsmål til stillinga eller kommunen, er det bare å ta kontakt med dine potensielle nye arbeidskollegaer.