About this role
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri består av seks seksjonar. Regional sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheitsavdeling, Lokal sikkerheit og rehabilitering, Sikkerhetspoliklinikken, Seksjon for fengselshelseteneste, og eit regionalt kompetansesenter for sikkerheits, fengsels- og rettspsykiatri. Ansvaret vårt er å behandle pasientar lokalt frå Helse Bergen HF og frå Helseregion vest. Pasientar som blir innlagd ved sengepostane er underlagd tvungen psykisk helsevern etter § 3.3/ 3,2 i lov om psykisk helsevern eller dom til behandling etter §5.2 i lov om psykisk helsevern. Eit viktig samfunnsoppdragI sikkerheitspsykiatrien arbeider vi med menneske som har alvorlege psykiske lidingar og samtidig behov for eit høgt tryggleiksnivå. Vårt samfunnsoppdrag er å kombinere behandling, omsorg og tryggleik på ein måte som fremjar meistring, utvikling og håp.
Som sjukepleiar eller vernepleiar blir du ein viktig del av det tverrfaglege behandlingsteamet, der relasjonsbygging, miljøterapi, motivering og aktivisering står sentralt. Kvar pasient har eit tverrfagleg team som arbeidar saman, og målet er å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom. Nokre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med.* Regional sikkerheitspost (RS) har ledig 100% faste stillingar, 2-delt turnus og 3. kvar helg* Lokal sikkerheitspost (LS) har ledig 100% faste stillingar, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnusPå Regional sikkerheitspost tar ein også imot personar på judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige.
Her jobbar vi i tverrfaglege team for å sikre heilskapleg behandling for pasientanes samla behov. Vi jobbar for å gi alle pasientane anledning til auka meistring i ulike fasar av sin sjukdom, samstundes som vi tar omsyn til samfunnets trong til tryggleik. Dette gjer vi gjennom eit trygt og strukturert miljø på sengeposten, høg fagleg kompetanse og klare rutinar.
Pasientane er ofte innlagde over lengre tid, noko som gir oss høve til å bli godt kjende med både ressursane og dei sårbare sidene deira. na sentral oppgåve kan vere å gjennomføre judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova § 167. Der vil sjukepleiara og vernepleiara vere ein del at eit rettspsykiatrisk team.
Hos oss jobbar det omtrent like mange kvinner som menn.På Lokal Sikkerheitspost (LS) arbeider vi i tverrfaglege team der ulike fagperspektiv blir samla rundt pasienten. Her får du vere med på å skape utvikling gjennom relasjonsarbeid, miljøterapi, psykoterapi, fysisk aktivitet, ergoterapi og medikamentell behandling. Vi legg stor vekt på motivasjon, aktivisering og meistring, og jobbar kvar dag for å hjelpe pasientane til å ta nye steg vidare mot eit meir sjølvstendig og meiningsfullt liv.Vil du vere med og skape endring der andre ser utfordringar?
For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn om å søke. For stillingane er det krav om godkjend politiattest.