Now hiring

Traineevernepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna vernepleiarar @ Helse Bergen HF, Personal- og organisasjonsavdelingen

Bergen, Vestland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Start karriera di på Haukeland universitetssjukehus – bli trainee! Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for vernepleiarar med oppstart 14. juni 2027.Fast stilling - to år med nye moglegheiter.Er du nyleg utdanna vernepleiar og nysgjerrig på kor vernepleiarfaget kan ta deg? Hos oss får du moglegheita til å utforske ulike fagområde, møte ulike pasientgrupper og finne ut kva du verkeleg brenn for.Som traineevernepleiar ved Haukeland universitetssjukehus får du ein unik moglegheit til å bygge brei kompetanse og utvikle deg fagleg – samtidig som du har tryggleiken i ein 100% fast stilling.

Tenk deg moglegheita! Kva om du kunne prøve deg på fleire fagområde før du bestemmer deg for kva for retning du vil gå? Gjennom traineeprogrammet får du moglegheit til å jobbe ved ulike postar og avdelingar i Helse Bergen. Du kan utforske fagområde innan psykisk helsevern og rusmedisinDu treng ikkje å ha bestemt deg for framtida. Du får moglegheita til å utforske den.Traineeprogrammet går over to år. Du får 3 periodar på 8 månader på ulike einingar, noko som vil gi deg verdifull erfaring. Hos oss får du:100% fast stillingBli kjend med ulike fagområde og pasientgrupperFå erfaring som kan opne dører vidare i karrierenDelta på fagdagar, med grupperettleiingTraineeprogrammet er for deg som ønsker ein spennande start på yrkeslivet, som er open for å lære og som vil utforske breidda i vernepleiarfaget. Du blir ein del av eit stort fagmiljø med mange moglegheiter for vidare utvikling. Saman finn vi ut korleis du kan bruke interessane dine, erfaringane dine og kompetansen din vidare.Er du klar for å utforske moglegheitane?

  • Ein må kunne jobbe samanhengande minst 6 veker i perioden vekene 24-32.
  • I søknaden må du legge ved karakterutskrift frå vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller løna arbeid.

Den som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).Ønsker du å vite meir om Traineeordninga? Har du spørsmål eller lurer på noko? Ta kontakt med Karina Vorland Løvstad.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores