About this role
Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK) treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar. RAK tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. RAK satsar også sterkt på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. RAK har om lag 600 tilsette og ti kliniske seksjonar som tilbyr avrusing, stabilisering, poliklinikk, døgnbehandling for både kvinner og menn, familieambulatorium, LAR-behandling og ambulante tenester. Vi har også det einaste medikamentfrie behandlingstilbodet i vår region for unge mellom 18 og 40 år. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytta til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern, m.a. ved geografisk deling av alle poliklinikktenestene.
- Målsetting for integrasjonsprosessen er å utvikle tettare samhandling med DPSar og kommunale tenester.Vi har ledig følgande stillingar: Seksjon Tertnes, Kvinneposten (KP) har ledig følgande stillingar;* 100% fast stilling, pt 2-delt turnus og arbeid kvar 3. helg* 2x 50% faste stillingar, pt 2-delt turnus og arbeid kvar 3. helg.
- For desse stillingane kan ein få 100% fast stilling der 50% vil vere i bemanningssenteret i føretaket Korttidspost Engenhuset har ledig;* 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Stillinga kombinerer faste dagvakter i vekedagane med langvakter kvar 4. helg* 100% fast stilling som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Stillinga er i langvaktturnus med langvakter kvar 4. helgAmbulant oppfølging og behandling i TSB har ledig 100% faste stillingar som sjukepleiar.
- Arbeidstid er måndag til fredag 0800 - 1530.