About this role
Vil du vere med og skape ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag for barn? Byglandsfjord skule og Byglandsfjord barnehage har ledig to 100 % mellombelse stillingar som fagarbeidar fram til 31.07.2027. Ei stilling er knytt til skulen med oppstart snarast, medan den andre er knytt til barnehagen med oppstart 01.01.2027.
Søkarar kan søkje på begge stillingane eller opplyse i søknaden kva stilling dei føretrekkjer.Om ossSkulen og barnehagen ligg i same bygg sentralt i Byglandsfjord. Vi samarbeider tett om å skape eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø for barna våre. Nærmiljøet med fjord, skog og fjell er ein naturleg del av kvardagen vår og gir gode moglegheiter for leik, læring og aktivitet.
Vi arbeider etter prinsippa for helsefremjande barnehage og skule. Ved skulen er fysisk aktiv læring ein naturleg del av undervisninga, og alle elevane deltek i uteskule ein halv dag kvar veke. I barnehagen står leseopplevingar, leik og vennskap sentralt i kvardagen.
For tilsetting i barnehage er det krav om gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader. Denne må leggjast fram før tilsetting trer i kraft (jf. Barnehagelova §30).Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bede om at søknaden får fritak frå offentlegheit. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga om reservasjon ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25)