Now hiring

Leiar for interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg @ Bygland Kommune

ByglandOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes etablerer no eit felles interkommunalt tilsynskontor for spreidde avløpsanlegg. Det kan på sikt bli aktuelt med fleire kommunar i samarbeidet. Tilsynskontoret blir organisert som eit vertskommunesamarbeid etter kommunelova kapittel 20, med Bygland kommune som vertskommune. Kontoret vil vere lokalisert i Bygland kommune.Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk leiar som skal byggje opp og leie det nye tilsynskontoret i ein viktig etableringsfase, og vidare sikre profesjonelt og heilskapleg tilsyn og saksbehandling innan avløp og forureining.Tilsynskontoret skal ha inntil tre 100 % stillingar, inkludert leiar. Talet på stillingar kan bli justert dersom fleire kommunar kjem med i samarbeidet.Arbeidsstad er Bygland kommune, med arbeid i heile samarbeidsregionen. Noko reiseverksemd må påreknast.Leiar for tilsynskontoret har overordna ansvar for:Fagleg og administrativ leiing av kontoret.Oppbygging og vidareutvikling av rutinar, system og fagmiljø.Planlegging og prioritering av tilsynsaktivitet i tråd med nasjonale føringar.Samarbeid med deltakar­kommunane, Statsforvaltaren og andre relevante aktørar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores