About this role
Fjordtunet er eit samlokalisert bufellesskap innan habilitering og psykiatri, med 13 faste tilsette som arbeider tverrfagleg for å sikre trygge, faglege og heilskaplege tenester. Bufellesskapet består av to bueiningar knytte til fellesareal og fem sjølvstendige bueiningar, med i dag seks bebuarar med samansette behov og varierande bistandsbehov i kvardagen. Tenestene er individuelt tilpassa og byggjer på målretta miljøarbeid, relasjonsarbeid og tett oppfølging. Fjordtunet legg vekt på brukarmedverknad, føreseielegheit og kvalitet i tenesteytinga, og arbeider i nært samarbeid med pårørande, fastlege og andre samarbeidspartnarar innan helse- og omsorgstenesta.Vi søkjer to faste tilsette til to helgestillingar på 16,32 % kvar.Dersom det er kvalifiserte søkjarar som ikkje blir tilsette, kan dei få tilbod om avtale som tilkallingsvikar