About this role
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Nordhordland klinikkområde har ledig ei fast stilling som tannlege i 100% stilling frå 1. februar 2027.Tenestestad for tida på Lindås tannklinikk. Oppstart 01.02.2027 eller etter avtale.
- Lindås tannklinikk ligg i Lindås Nærsenter.
- Har 5 behandlingsrom, 7 tilsette i heil og deltid.
- 3 tannlegar, 3 tannhelsesekretærar og 1 tannpleier.
- God bussforbindelse frå Knarvik/ Bergen.
Ved internt opprykk kan det bli ledig eit vikariat i 100% fram til 30.06.27 på samme klinikk.