Now hiring

Tannhelsesekretær @ Vestland fylkeskommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Åsane tannklinikk aukar opp bemanninga og søkjer etter tannhelsesekretær til 100 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 01.01.2027.Åsane tannklinikk har per i dag til saman 16 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Vi har moderne utstyr og eit godt og fagleg sterkt arbeidsmiljø. Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket.

Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis.Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores