Now hiring

Avdelingsleiar @ Vestland fylkeskommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bidra i vidareutviklinga av tilbodet til elevar med behov for tilrettelegging i vidaregåande opplæring? Askøy videregående skole søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg leiar for avdelinga for individuelt tilrettelagt opplæring. Stillinga er eit vikariat ut skuleåret 2026/2027, med moglegheit for forlenging. Skuleåret 2026/2027 har skulen 22 elevar i mindre grupper, fordelt mellom kvardagslivstrening og arbeidstrening. Avdelinga har pr. i dag 8 lærarar og 15 mijøarbeidarar med god og variert kompetanse. Askøy vidaregående skule har omlag 780 elevar og 125 tilsette.

Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med god offentleg kommunikasjon til alle delar av Askøy og Bergen. Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper. Vi har som mål at alle elevar på skulen vår skal ha ein trygg og god skulekvardag, med rom for læring og deltaking i fellesskapet.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores