About this role
Vil du bidra til å betre kvaliteten på Skyss sine mobilitetstenester? Skyss jobbar aktivt med å tilby alle innbyggarar i Vestland eit godt og berekraftig tilbod med buss, bybane, båt og ferje. Transporttenestene vert utført av trafikkselskap som Skyss har kontraktar med. Vi har no ledig ei fast stilling som rådgjevar/kontraktsforvaltar. Kontraktsforvaltaren vil inngå i teamet vårt som jobbar med å følge opp Skyss sine mobilitetskontraktar. Arbeidsstad for stillinga er Bergen. Ein må pårekne noko reiseverksemd internt i fylke.