Now hiring

Sommarjobb for IT-studenter. DigdirCamp 2027 @ Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

DigdirCamp 2027 Ønsker du sommarjobb i eit direktorat som jobbar med teknologi for å løyse viktige samfunnsoppgåver? Kvart år inviterer vi IT-studentar til å vere med på DigdirCamp i Sogndal på Vestlandet. På DigdirCamp får du bruke kunnskapen og ferdigheitene dine til å jobbe med konkrete programmeringsoppgåver ved sida av erfarne utviklarar i våre fagmiljø.

Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. Vi har eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale felleskomponentar som mellom anna ID-porten og MinID. Fritid og sosiale aktivitetar Sogn er som skapt for å utforskast!

På fritida kan du bli kjent med det vakre landskapet i Sogn, med fjell og fjordar like i nærleiken. Jotunheimen ligg berre ein god time unna. I tillegg sørger vi for me bustad i Sogndal sentrum, der Digdir tek delar av kostnaden med overnatting. Som del av campen får du også vera med på Sognacamp - eit unikt konsept lansert i 2025 der lokalt næringsliv i Sogn har gått saman for å tilby ei spektakulær ramme på fritida for sommarjobbstudentar, med sosiale aktivitetar, utfluktar og kjekke begivenheitar. Sognacamp organiserer aktivitetar, der vekedagane byr på enkle og lågterskel tilbod, medan helgene er sett av til større opplevingar. Du får sjansen til å bli kjend med andre unge sommervikarar, bygge nettverk og oppleve alt det Sogn har å by på.

Vi har ledig sommarjobb for inntil åtte IT-studentar frå midten av juni til midten av august 2027.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores