About this role
Lyst å være ein del av vår satsing på MobilApp i produktteam som jobbar med framtidas digitale løysingar? Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag ! Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjere våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-komponentane og eInnsyn endå betre. Vi er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det !
Om du også likar det slik, kan noko og vil noko, så søk gjerne.
I denne runden er vi spesielt ute etter utviklarar som har erfaring med utvikling på Mobilplattform. Teknologi Vi utviklar og forvaltar våre eigne native mobilapper – som apputviklar får du ansvar for heile livssyklusen, frå idê og utvikling til produksjonssetting og vidareutvikling i tverrfaglege team. Vi bruker moderne native teknologiar og skriv appane i Jetpack Compose og SwiftUI.