About this role
Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag ! Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjera våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-porteføljen og eInnsyn endå betre, sikrare og meir brukarvennlege. Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det !
Om du også likar det slik, kan noko, og vil noko, so søk gjerne.
Teknologi Teama våre har stor teknologisk friheit og tek i bruk den teknologien som er best egna for den aktuelle oppgava. Vi er best kjent med Java, Kotlin, Kafka, React og TypeScript, men nyttar også .NET. Vi nyttar oss av mikrotenester der det er relevant. Plattformene våre er Kubernetes-basert med OpenShift eller Azure. Vi nyttar Digdir sitt Designsystem https://www.designsystemet.no/ Vi er aktive brukarar av KI og ynskjer å utvide bruken i trygge rammer for å støtte teama i sitt arbeid.