About this role
Vil du vere med og gjere ein forskjell? Er du opptatt av å sjå moglegheiter framfor avgrensingar, og ønskjer å hjelpe menneske vidare mot arbeid og aktivitet? Då kan dette vere stillinga for deg.
Nav Nordfjord søkjer ein engasjert rettleiar i avdeling Arbeid og helse i 100 % mellombels stilling frå 01.01.2027 og fram til 31.08.2027.
Oppmøtestad er Sandane.
- Dette er ei spennande og variert stilling med to hovudområde: 50 % oppfølging av ungdom under 30 år som del av ungdomsgarantien, uavhengig av kva yting dei mottek.
- 50 % oppfølging av personar over 30 år med helseutfordringar, særleg innan sjukefråværsoppfølging og arbeidsavklaringspengar (AAP).Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du jobbar tett på menneske i ulike livssituasjonar.
Du blir ein del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø som kvar dag arbeider for å hjelpe fleire inn i arbeid og aktivitet.