Now hiring

Vil du jobbe med sjukefraværsoppfølging og arbeidsinkludering? @ Nav

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Nav Øygarden held til i moderne og trivelege lokale sentralt på Straume. Vi er om lag 80 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som kvar dag jobbar for å gi gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane i kommunen.

Hos oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling.No har vi ledig stilling som veileder i avdeling Arbeidsliv. Dette er ei variert og meiningsfull stilling der du følger opp personar som er sjukemelde og står i krevjande livssituasjonar. Arbeidet inneber å kartleggje ressursar og moglegheiter, motivere for aktivitet og arbeid, og finne gode løysingar i samarbeid med brukaren, arbeidsgjevar og andre samarbeidspartnarar.Du vil handtere saker med ulik kompleksitet og ha ansvar for eigen portefølje. Stillinga krev at du kan prioritere mellom oppgåver, arbeide strukturert og gjere gode vurderingar innanfor gjeldande regelverk. Samtidig må du kunne byggje gode relasjonar og kommunisere tydeleg med menneske i ulike situasjonar.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores