About this role
Bømlo vidaregåande skule har omlag 400 elevar og 70 tilsette fordelt på lokasjon Rubbestadneset og lokasjon Leite. Skulen har følgjande utdanningsprogram: Studiespesialisering, Teknologi- og industrifag inkl. Maritime fag, Elektro- og datateknologi, Naturbruk og Helse- og oppvekstfag. Ved skulen er det ledig 100% fast stilling. Vestland fylkeskommune har som ambisjon og målsetting at alle elevar som tek til i vidaregåande skule skal fullføre, og at alle som er kvalifisert for det skal få læreplass. Bømlo vidaregåande skule er ein viktig aktør i lokalsamfunnet og har eit tett samarbeid med næringslivet.