About this role
To sengepostar – mange moglegheiter for deg som er helsefagarbeidar! Vi har to ledige faste stillingar for helsefagarbeidarar ved Stord sjukehus – éi ved Medisin 4 og éi ved kirurgisk sengepost. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø der helsefagarbeidarar og sjukepleiarar samarbeider tett om å gi pasientane god pleie og behandling. Du får ein variert arbeidskvardag med ulike pasientgrupper, faglege utfordringar og kollegaer som støttar kvarandre.
Dette er dei ledige stillingane: Kirurgisk sengepost: 100 % fast stilling, ledig frå 1. november 2026Medisin 4: 100 % fast stilling, ledig frå 1. januar 2027, med moglegheit for tidlegare oppstart. Stillingsprosenten kan bli redusert som følgje av fortrinnsrett til utvida stilling.
Begge stillingane har todelt turnus med 16 arbeidshelger i året og moglegheit for langvakter i årsturnus.Vi legg vekt på god opplæring og ønskjer at du skal kjenne deg trygg og godt teken imot som ny medarbeidar.👉Høyrest dette interessant ut? Vi håpar du vil søke! Skriv gjerne i søknaden om du ønskjer å arbeide ved Medisin 4, kirurgisk sengepost eller begge.