Now hiring

Vil du jobbe der pasienten alltid står i sentrum? Vi søker sjukepleiar @ Helse Fonna HF

Haugesund, Rogaland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du bli ein del av eit fagmiljø i utvikling – og flytte inn i heilt nye sjukehuslokale? Ønskjer du ein spennande sjukepleiarkvardag med varierte arbeidsoppgåver, høg fagleg kvalitet og gode moglegheiter for utvikling? Då kan Lungeseksjonen vere staden for deg!

Lungeseksjonen er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga og består av ein sengepost med 13 senger samt ein poliklinikk med høg aktivitet. Hos oss møter du pasientar med eit breitt spekter av akutte og kroniske lungesjukdomar, mellom anna KOLS, lungefibrose, astma og respirasjonssvikt. Du blir ein viktig del av eit engasjert tverrfagleg team som kvar dag arbeider for å gi pasientane trygg og heilskapleg behandling.Vi står framfor ei spennande framtid. Til våren flyttar vi inn i heilt nye sjukehuslokale, der Lungeseksjonen blir samlokalisert tett på både intermediærovervakinga og hjarteposten.Vi samarbeider tett med medisinsk intermediærovervaking (MIO) og følgjer opp pasientar med komplekse og samansette behov.

Dette gir deg moglegheit til å utvikle høg kompetanse innan observasjon, behandling og sjukepleie til ei pasientgruppe i stadig utvikling.Vi har no ledige stillingar som sjukepleiar i tredelt turnus. Det kan òg vere aktuelt med vikariat eller redusert stillingsprosent dersom dette er ønskjeleg.

Vil du vere med på reisa inn i nye lokale og bidra til å forme framtidas lungemedisinske tilbod?👉 Vi gler oss til å høyre frå deg og ta imot søknaden din!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores