About this role
Vi søker psykolog/psykologspesialist/nevropsykolog i 100 % fast stilling frå 01.01.27.Saman med fem andre psykologar/psykologspesialistar og tre testteknikarar, inkludert eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium, vil du arbeide i eit sterkt og engasjert fagmiljø. Her blir nevropsykologiske undersøkingar nytta aktivt for å forstå kvardagen til pasienten og gi reell nytte i diagnostikk, behandling og tilrettelegging.Du vil arbeide ved nevropsykologisk poliklinikk i Haugesund, som har ei særstilling i Norge.
Vi tek imot pasientar i alle aldrar og med eit breitt spekter av problemstillingar, med eller utan somatisk eller psykisk liding. Vi får direkte tilvisingar frå fastlegar, somatiske avdelingar, DPS og BUP.Vi har eit sterkt fagleg engasjement for utgreiing og behandling der det er nyttig, og legg til rette for fagleg fordjuping og fornying. For deg som ønskjer det, finst det gode moglegheiter for forsking og fagleg utvikling i eit miljø med høg kompetanse og sterk kollegial støtte.