Now hiring

Digitaliseringsrådgjevar Helse og velferd @ Time kommune

Bryne, Rogaland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du gjera teknologi om til betre tenester og ein enklare arbeidskvardag? Time kommune søkjer ein digitaliseringsrådgjevar som vil arbeida i skjeringspunktet mellom menneske, arbeidsprosessar og teknologi. Hos oss får du vera med og utvikla helse- og velferdstenestene, forenkla arbeidsprosessar og sørgja for at digitale løysingar gir reell verdi for innbyggarar og tilsette. Helse- og velferdstenestene står framfor store endringar. Fleire eldre, større tenestebehov og færre i arbeidsfør alder gjer at me må arbeida smartare.

Digitalisering handlar derfor ikkje berre om nye system, men om å skapa tryggare tenester, betre flyt og meir tid til dei oppgåvene som krev menneskeleg kompetanse.I denne rolla får du eit særleg ansvar for å knyta saman behova i tenestene med moglegheitene i teknologien. Du skal bidra til god systemforvalting, utvikling av arbeidsprosessar, opplæring og gevinstrealisering. Time kommune skal innføra ny elektronisk pasientjournal i 2027.

Du vil få ei sentral rolle i innføringa, og i det vidare utviklingsarbeidet. Stillinga er organisatorisk plassert i avdelinga Digitalisering og dokumentforvaltning og arbeider tett med leiinga, fagmiljøa og fagutviklarane i Helse og velferd. Du vil òg samarbeida med leverandørar og faglege nettverk, mellom anna gjennom DigiJæren og DigiRogaland.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores