About this role
Vestly idrettsbarnehage har ledig fast 40% stilling til barnehagelærarstudent med snarast mogleg oppstart. Me ynskjer ein student som er ferdig med fyrste året og som har erfaring frå stor barnehage.I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det. Vestly idrettsbarnehage er ein 10-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter som ligg midt mellom Bryne og Lye.
Me er den største barnehagen på Jæren med ein kapasitet til 180 barn, som likevel gjev tryggleik og mestring til alle barna her. Barnehagen er ein stor moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom, gymsal, eiga personalavdeling og uteområde som kan delast i 3. Me har eigen minibuss som vert nytta kvar dag til ulike destinasjonar for barn over 3 år, samt elsyklar som vert nytta til turar i nærområdet. Me har eigen kokk som lagar varm lunsj, samt havregrynsgrøt til frukost og heimelaga brød til fruktmåltidet kvar dag.Barnehagen har fleire fellesdagar der alle barn og vaksne deltek, og fokuset er på inkludering, meistring, rørsle og gøy.
Me er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi, Stine Sofie stiftelsen sitt kompetanseløft og ASK. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved UIS samt lærlingplass for både barne- og ungdomsarbeidar og kokk. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis. Me har pedagogar, sosionom, spesialpedagog, fagarbeidarar, og lærlingar. I administrasjonen er det styrar og assisterande styrar. Barnehagen skal, barnehageåret 2026–2027, ha barn på 8 avdelingar med i alt 128 barn. Her kan du sjå litt frå kvardagen i barnehagen: https://vestlybhg.no/Ikkje nøl med å ta kontakt om dette ser interessant ut eller du undrar på noko.