Now hiring

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar – er du vår nye kollega? @ HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

Haugesund, NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du jobbe på avgiftningsposten der du får kome tett på pasienten? På avgiftningsposten – Avdeling for rus og avhengigheit (ARA) – møter du vaksne pasientar som har korte innleggingar med medisinsk og medikamentell oppfølging, i tillegg til miljøterapeutiske og sosiale tiltak. Vi har lokale i Haugesund og er ein del av klinikk for psykisk helsevern og rus. Vi ser etter deg som skaper tryggleik og tillit, samarbeider godt og er ein lojal og trygg kollega – med rausheit, godt humør og tydeleg kommunikasjon.

Du jobbar godt saman med andre, men står òg stødig åleine når det krevst, og du er opptatt av ryddig og god dokumentasjon. Hos oss blir du del av eit arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre og trivst på arbeidsplassen vår. Stillinga inngår i turnus dag/kveld med arbeid kvar tredje helg. Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med funksjonsleiar Kathrin Bjånes. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kva går jobben ut på?

  • Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere: Miljøterapeutisk arbeid i det daglege.
  • Vere ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeidet med pasientgruppa.
  • Gå i ansvarsvakt og bidra til god flyt, prioritering og samarbeid i vakta.
  • Sikre trygg og forsvarleg medikamenthandtering i tråd med gjeldande rutinar.
  • Samarbeid med interne fagmiljø og eksterne instansar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar med eller utan videreutdanning Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Det er ein fordel med: Relevant kunnskap om farmakologien til ulike rusmiddel.
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som har eit ekte engasjement for pasientgruppa og byggjer tillit gjennom respektfulle møte og godt samarbeid. Du skapar gode relasjonar, kommuniserer tydeleg og bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Du trivst både med samarbeid og sjølvstendig arbeid, og du står stødig i situasjonar som krev fagleg tryggleik og gode vurderingar. Samstundes er du oppteken av god dokumentasjon og effektiv informasjonsflyt. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du eit arbeidsmiljø der vi trivst, støttar kvarandre og har det godt saman høg fagleg kompetanse og engasjerte kollegaer moglegheit for både fagleg og personleg utvikling ein arbeidsplass som legg vekt på inkludering og mangfald god rettleiing og opplæring KontaktinformasjonKathrin Bjånes, Funksjonsleiar, +47 41863835 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5195245993 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane.

Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores