Now hiring

Fagperson innan helse/sosial/ pedagogikk @ HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og gjere ein forskjell for både små og store – heilt frå starten av livet? I Familieambulatoriet på Haugesund sjukehus jobbar vi for å gi god støtte til gravide og småbarnsfamiliar som står i ekstra krevjande livssituasjonar. No ser vi etter ein ny kollega som vil vere med oss i dette viktige arbeidet. Hos oss møter du eit tverrfagleg team med stort engasjement og fagleg tyngde – og ikkje minst: kollegaer som ser kvarandre, løftar kvarandre og har det fint saman på jobb. Vi gir eit lågterskeltilbod til familiar der ein eller begge foreldre har utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Vi følgjer familien frå graviditet og heilt til barnet er seks år – og vi er med på å koordinere hjelpa som trengst i kommune- og spesialisttenesta. Det må påreknast noko ambulant verksemd. Du blir ein del av ein inkluderande arbeidskvardag med relasjonsbygging, familie- og nettverksarbeid og rom for fagleg utvikling. Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt. 👉 Her kan du lese meir om Familieambulatoriet Kva går jobben ut på? Følgje opp den gravide, barn og familiar koordinert med ulike samarbeidspartnerar Medverke i gjennomføring av barneundersøkingar i samarbeid med lege og psykolog Kontakt med aktuelle instansar rundt familiane Bidra fagleg gjennom undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i Familieambulatoriet si utvikling internt og via fagnettverket. Teamarbeid Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Fagperson med høgskuleutdanning innan fagfelta helse/sosial/pedagogikk Det er ønskeleg med vidareutdanning innan eit eller fleire av områda: samspel/tilknyting, psykisk helse og rus, familierettleiing Kompetanse og erfaring med kartlegging og oppfølgingsarbeid innan svangerskap, familie, barn og psykisk helse og rus Kompetanse og erfaring i arbeid med sped- og småbarn si psykiske helse Erfaring med tverrfagleg samarbeid på tvers av avdelingar og mellom føretak og kommunar. Rettleiingskompetanse/erfaring Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: Har godt lag med folk og er oppteken av god pasientbehandling Har gode kommunikasjonsevnar Likar å arbeide i team og har gode samarbeidsevner Er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver Jobbar godt på eiga hand og held oversikt over arbeidsoppgåvene Har fagleg engasjement og høg fagkompetanse Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. Kvifor skal du velje oss? Hos oss får du: Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling. Arbeid i tverrfaglege team. Fagleg rettleiing. Moglegheit for kompetanseheving. Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer. Ei dagstilling. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden. Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKjersti Rikke Nygaard Bårdsen, Funksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5196239580 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 04.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores