About this role
Ønskjer du å arbeide med nokre av dei mest spennande differensialdiagnostiske problemstillingane innan psykisk helsevern? Vi har ledig eit vikariat som psykolog/psykologspesialist i vårt alderspsykiatriske fagmiljø ved Haugesund sjukehus, med moglegheit for fast tilsetjing. Stillinga er knytt til alderspsykiatrisk poliklinikk, med tett samarbeid med både alderspsykiatrisk døgneining og nevropsykologisk poliklinikk Hos oss møter du pasientar der symptom og funksjonsendringar ofte ligg i skjeringspunktet mellom kognitiv svikt, psykisk liding, somatisk sjukdom og normal aldring. Mange av pasientane blir tilviste fordi utgreiinga er kompleks og diagnostikken framleis uavklart etter vurderingar i kommunehelsetenesta eller andre delar av spesialisthelsetenesta Dette er ei stilling for deg som trivst med klinisk problemløysing, diagnostisk arbeid, kognitiv utgreiing og tverrfagleg samarbeid. Kva går jobben ut på? Du vil arbeide med utgreiing av eldre pasientar med kognitiv svikt, åtferdsendringar og psykiatriske symptom. Arbeidet omfatter mellom anna: Nevropsykologiske undersøkingar og diagnostiske vurderingar. Differensialdiagnostisk utgreiing ved mistanke om demenssjukdom og andre kognitive tilstandar. Vurdering av samspel mellom kognitiv svikt, psykisk liding og somatisk sjukdom. Tverrfagleg samarbeid med legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og andre faggrupper. Deltaking i diagnostiske drøftingar og behandlingsplanlegging. Arbeid ved både alderspsykiatrisk poliklinikk, nevropsykologisk poliklinikk og alderspsykiatrisk døgneining. Utgreiingane er ofte målretta og klinisk orienterte, tilpassa ei pasientgruppe med samansette utfordringar, omfattande somatisk sjukdom og redusert funksjonsnivå. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon som psykolog Erfaring med nevropsykologisk utgreiingsarbeid Erfaring med utgreiing av eldre pasientar Kompetanse innan kognitiv vurdering og differensialdiagnostikk Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, er nødvendig for forsvarleg pasientbehandling. Spesialistgodkjenning er ein fordel, men ikkje eit krav. Kva ser vi etter hos deg? Vi trur du vil trivast hos oss dersom du likar komplekse diagnostike problemstillingar er fagleg nysgjerrig og analytisk trivst med samarbeid på tvers av fagområde er trygg i kliniske vurderingar kommuniserer godt med pasienter, pårørande og samarbeidspartnarar bidreg til eit inkluderande og positivt fagmiljø Kvifor skal du velje oss? Få arbeidsplassar tilbyr den same kombinasjonen av alderspsykiatri og nevropsykologi som denne stillinga. Hos oss får du arbeide i eit stort og erfarent fagmiljø innan kognitiv utgreiing tett samarbeid mellom alderspsykiatri og nevropsykologi tilgang til brei testkompetanse og omfattande testbatteri regelmessige tverrfaglege drøftingar varierte arbeidsoppgåver på tvers av poliklinikk og døgneining moglegheit til å arbeide med nokre av dei mest komplekse differensialdiagnostiske problemstillingane hos eldre pasientar fagleg utvikling i eit spesialisert fagfelt Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonArvid Rongve, overlege, 90548749, [email protected] Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5192503985 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 30.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .