About this role
No er det ledige stillingar hjå oss, og me håpar du vil bli vår nye kollega! Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun og heimeteneste blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot. Balestrand helsetun består av to små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining, og er i same bygg som heimetenesta og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver. Balestrand helsetun har ledig følgjande stillingar som helsefagarbeidar: 100% fast stilling i turnus på helsetunet ledig frå d.d. Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. For stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for tilpassingar som til dømes langvakter med 4. kvar helg. Arbeidsoppgåver: Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim. Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar: Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering Beherske norsk, skriftleg og munnleg (krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane) Personlege eigenskapar: Løysingsfokusert Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Me tilbyr: Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø Gode pensjons- og forsikringsordningar Gode velferdsordningar Godt fagleg miljø Årsturnus Løn etter tariff Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord. Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837