About this role
Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen! Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten: Sjukepleiar 100% fast stilling i turnus, frå 17. august 2026. Det er turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då lengre helgeintervall. Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Me har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs. For sjukepleiarar som tek vakter ved legevaktsatellitten, blir det gitt eit årleg lønnstillegg på kr 30 000. Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen. Arbeidsoppgåver: Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon. Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten Heilskapleg pleie og omsorg Rettleiar for studentar/lærlingar og andre Delta i tverrfagleg samarbeid Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet Medansvarlig for eit godt læringsmiljø Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet Sentrale ansvarsområde: Pasientflyt Pasientjournalsystem - LMP Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta Medikamenthandtering Legevisittar Tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar: Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane. Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi Førarkort Personlege eigenskapar: Løysingsfokusert Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt Ha evne og interesse for eldreomsorg Personlege eigenskapar vil verte vektlagde Me tilbyr: Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar Gode velferdsordningar Godt fagleg miljø Lønn etter tariff Tilrettelagt årsturnus Moglegheit for langvakter med lengre helgeintervall. Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837