Now hiring

Helsefagarbeidar @ BALESTRAND HELSETUN

Norway (NO0A2)OnsiteFull-timePosted 12 days ago

Opens on the employer's site

About this role

Me ynskjer dyktige helsefagarbeidarar til Balestrand helsetun. No er det ei ledig stilling, og me håpar du vil bli vår nye kollega! Som helsefagarbeidar på Balestrand helsetun blir du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på jobb. Du som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot. Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til helsetunet og ein har eit tett samarbeid. I same bygget ligg også legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Me har stor breidde i oppgåvene og i bebuarane og pasientane våre, og me jobbar med alt frå rehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande med varierte oppgåver. Balestrand helsetun og heimeteneste har ledig følgjande stilling som helsefagarbeidar: 100% fast stilling i turnus på helsetunet frå 3. august 2026. Vernepleiarar vil og bli vurdert for stillingane. Stillingane er i turnus med 3. kvar helg. Arbeidsoppgåver: Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar, sjukepleiar og behandlingsteam Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer Rettleia og følgje opp elevar og lærlingar Med på prosjekt og gruppearbeid for å fremme fagkompetanse og kvalitet i pleie Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø Kvalifikasjonar: Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar/vernepleiar med norsk autorisasjon Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri eller rehabilitering Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane. Personlege eigenskapar: Løysingsfokusert Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt Personlege eigenskapar vil verte vektlagde Me tilbyr: Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar Gode velferdsordningar Godt fagleg miljø Årsturnus Løn etter tariff Berre søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning. Link til søknadsskjema: Søk her Om arbeidsgiveren: Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

Get the extension →
See how your CV scores — free
Helsefagarbeidar at BALESTRAND HELSETUN | ResuMinder Jobs