Now hiring

Sjukepleiar/vernepleiar fortrinnsvis med vidareutdanning innan psykisk helse og rus @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF DPS NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJONEN KRISTIANSUND

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og gjere ein forskjell for menneske med rusavhengigheit? Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar eller vernepleiar til vårt LAR-team i Kristiansund. Poliklinikk TSB Molde er ein del av Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal HF. Vi tilbyr tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar, inkludert individuell behandling, gruppebehandling, dagbehandling og Legemiddelassistert rehabilitering (LAR). For å styrkje tilbodet på Nordmøre har vi etablert eit eige LAR-team i Kristiansund. Teamet er organisatorisk knytt til Poliklinikk TSB Molde, men arbeidsstaden er i Kristiansund. Bur du mellom Kristiansund og Molde, er det moglegheit for å jobbe begge stadar. Hos oss får du ein fagleg spennande og meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til å gi pasientar med rusavhengigheit eit trygt og heilskapleg behandlingstilbod. Vi ønske deg velkomen som søkjar på stillinga! Arbeidsoppgåver Oppfølging og behandling av pasientar i LAR Behandlingsansvar for eigne pasientforløp Medikamenthandtering og oppfølging av legemiddelbehandling Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar Bidra til vidare utvikling av behandlingstilbodet Dokumentasjon og journalføring i samsvar med gjeldande krav Kvalifikasjonar Bachelor i sjukepleie /vernepleie Ønskeleg med relevant vidareutdanning innan psykisk helse eller rusbehandling, men oppmoder også deg uten vidareutdanning til å søke Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid Må meistre norsk skriftleg og munnleg Førarkort klasse B Personlege eigenskapar Du er fleksibel og løysingsorientert Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø Du er nytenkande, ansvarsbevisst og endringsorientert Du har evne til å stimulere og motivere til kompetanseutvikling Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø Du jobbar sjølvstendig, men fungerer samstundes godt i tverrfagleg samarbeid Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Vi tilbyr Ein inkluderande arbeidsplass Eit erfarent tverrfagleg arbeidsmiljø Regelmessig rettleiing og fagutvikling Moglegheit for kurs og kompetanseheving Arbeidstid er p.t dagtidsstilling utan turnusarbeid (08.00–16.00) Stor grad av sjølvstende i arbeidshverdagen Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Drøymer du om å bo med kort avstand mellom hav, fjell og fjord med rikt høve til friluftsliv? Å ha tilgang på eit rikt og engasjert kulturmiljø i ein kystbyar med ambisjonar? Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her! Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her! KontaktinformasjonAnn Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar ArbeidsstadNorddalsveien 37 6516 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5194611241 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 28.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores