Now hiring

Overlege psykiatri @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF DPS NORDMØRE/ROMSDAL DØGNSEKSJONEN KRISTIANSUND

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med å forme framtidas psykiske helsetenester? Vi har no ledig stilling for spesialist i vaksenpsykiatri. Hos oss får du ei sentral rolle i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og eit godt tverrfagleg samarbeid. Du blir ein viktig bidragsytar i utviklinga av framtidas polikliniske tenester innan psykisk helsevern. Det kan etter nærare avtale vurderast pendleravtale og fleksibel arbeidstids-/tilstedeværelsesordning, innafor poliklinikken sitt behov. Om poliklinikken Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlingstilbodet omfattar samtaleterapi (individuelt og i grupper), medikamentell behandling og oppfølging av pårørande. Vi har brei kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR, mentaliseringsbasert terapi, gruppebehandling og medikamentell behandling. Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar, inkludert seks overlegestillingar. Verksemda er organisert i fleire team: allmennteam, oppfølgingsteam, ROP-team og avklarings- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team som er lokalisert utanfor poliklinikken. Vi ønskjer å gå i dialog med deg som søkjer for å finne ei teamtilknyting og eit fagområde som samsvarar med dine interesser og kompetanse. Di rolle som overlege Som overlege vil du ha ei nøkkelrolle i diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med samansette psykiske lidingar og avhengnadsproblematikk. Du vil bidra aktivt i tverrfaglege behandlingsmøte, samarbeide tett med andre faggrupper og vere ein viktig ressurs i kvalitetsforbetringsarbeid og utvikling av behandlingstilbodet. Rettleiing av LIS-legar og anna helsepersonell er ein naturleg del av rolla, og du vil få moglegheit til å bidra i internundervisning og fagutvikling. Vi ønskjer å styrke kompetansen vår innan psykosebehandling, traumelidingar, spiseforstyrringar og behandling av kombinerte rus- og psykiske lidingar (ROP). Har du erfaring eller interesse for desse områda, er det eit stort pluss – men vi legg òg til rette for nødvendig opplæring og kompetanseheving. Tilsetting vil skje fortløpande. Arbeidsoppgåver Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar Aktiv deltakelse i tverrfaglege behandlingsmøter og samarbeidsfora Oppfølging og behandling av pasientar med komplekse behov, inkludert samansette psykiske lidingar og rusproblematikk Oppfølging av enkelte pasientar som er under tvunget psykisk helsevern (TUD) Bidra til kvalitetsforbedringsarbeid og utvikling av poliklinikkens behandlingstilbod Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesten, studentar og øvrige tilsette i poliklinikken Bidra til eit godt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving og eit fagleg utviklande arbeidsmiljø Kvalifikasjonar Norsk spesialistgodkjenning i psykiatri Annan relevant spesialitet vil verte vurdert Ønskjeleg med erfaring frå poliklinisk arbeid Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar (minimum B2-nivå) LIS 3 som har mindre enn 1 år igjen av spesialiseringa kan også søkje Personlege eigenskapar Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som trivast med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i tverrfaglege team Du har sterke kommunikasjonsevner og er dyktig til å bygge relasjoner med pasientar, pårørande og samarbeidspartnera Du har evna til å stimulere og motivere kolleger og bidra til fagleg utvikling i teamet Du er ein person som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og du har stor interesse for fagleg utvikling Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyr Eit stimulerende og variert arbeid i et fagleg sterkt og tverrfagleg team Store mogelegheiter for fagleg utvikling innanfor fleire spennande område Gode mogelegheiter for spesialisering, internundervisning og deltaking på nasjonale og internasjonale kongresser Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med eit sterkt fokus på samarbeid og kunnskapsdeling Fleksible arbeidstidsordningar som gjer det enklare å kombinere jobb og fritid Rekrutteringstillegg for godkjent spesialisering Det kan etter nærare avtale vurderast pendleravtale og fleksibel arbeidstids-/tilstedeværelsesordning, innafor poliklinikken sitt behov Studiepermisjon på 4 månader kvart 5. år for spesialistar Tilrettelegging for rettleiing og kurs som bidrar til vedlikehald av spesialiteten Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglement og tilgang på andre attraktive ordningar for helsepersonell Gode pensjons- og forsikringsvilkår som medlem i offentleg pensjonsordning, samt yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring Vi ber om at attestar, vitnemål og spesialistgodkjenning vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Byer vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her KontaktinformasjonJørgen Lægreid, Seksjonsleiar, +47 928 49 056, [email protected] Øyvind Erik D. Jensen, Avdelingsoverlege, 71 21 75 00, [email protected] ArbeidsstedHagan 9 6516 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5026180128 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 31.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores