About this role
Er du sjukepleiar eller vernepleiar med interesse for psykisk helse og rus? Vi har no ledig 100 % fast stilling som våken nattevakt ved DPS Døgn Kristiansund, med oppstart frå 01.10.2026. Vi søkjer ein engasjert, fagleg trygg og positiv sjukepleiar eller vernepleiar som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for pasientane våre. Vidareutdanning innan psykisk helse og rus er ein fordel. DPS Døgn Kristiansund er ein del av Avdeling for DPS Nordmøre og Romsdal og har 18 sengeplassar. Seksjonen tilbyr utgreiing og behandling til vaksne med psykiske lidingar, med særleg vekt på eit aktivt og målretta miljøterapeutisk tilbod. Vi samarbeider tett med kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar for å sikre gode og heilskaplege pasientforløp. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagkompetanse, engasjerte kollegaer og eit sterkt fokus på kvalitet og utvikling. Vil du vere med og skape trygge netter og gode behandlingsforløp? Då håper vi å høyre frå deg! Arbeidsoppgåver Vere ansvarleg for drift av seksjonen på natt, og sikre at verksemda blir driven i samsvar med gjeldande lover og forskrifter, interne retningslinjer og vedtekne økonomiske rammer Følgje opp seksjonen sine behandlingstiltak og bidra til å oppretthalde struktur og kvalitet i arbeidet på natt Delta aktivt i faglege drøftingar og bidra til eit godt fagmiljø, sjølv om arbeidstida hovudsakleg er på natt Bidra til seksjonen sitt kvalitets- og forbetringsarbeid Ha fagleg ansvar og arbeide aktivt med fagutvikling, særleg knytt til nattarbeid Byggje og vedlikehalde gode relasjonar både internt og eksternt for å fremje dialog og samarbeid Medverke til vidareutvikling av seksjonen og avdelinga sine tenester Ta medansvar for avdelinga sine resultat og den samla tenesteytinga Ha ansvar for utdeling av legemiddel og klargjering av medisinar til neste dag Bidra til trygg og forsvarleg pasientbehandling gjennom fagleg oppfølging og god samhandling på natt Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar fortrinnsvis med vidareutdanning i psykisk helse og rus Ønskeleg med erfaring frå arbeid innan psykisk helse frå både spesialist- og primærhelsetenesten Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar God system- og organisasjonsforståelse for økonomi og drift Kjennskap til bruk av relevante IT-verktøy Førarkort Personlege eigenskapar Du har evne og vilje til å følgje avdelinga sine mål og retningslinjer, og kan evaluere og justere praksis ved behov Du er endringsvillig og har god gjennomføringsevne Du trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Du er fleksibel, løysingsorientert og tek initiativ Du er positiv og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø Du har vilje til å utvikle både eigen og andre sin kompetanse Du har evne til å motivere og inspirere høgt kvalifiserte medarbeidarar Personlege eigenskapar vil bli vektlagde ved tilsetjing. Vi tilbyr Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Ei spennande stilling som nattevakt Eit sterkt tverrfagleg fagmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar, og sterkt tverrfagleg samarbeid Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Det blir arrangert ein internasjonal fotofestival kvart år. Like utanfor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her . KontaktinformasjonEli Skaug, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadHerman Døhlens vei 1 6508 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5157489946 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.10.2026 Søknadsfrist: 16.08.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal