About this role
Ønskjer du ein spennande og utfordrande jobb i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og varierte arbeidsoppgåver innan medisinsk biokjemi og blodbank? Vi har no ledig eit 100% vikariat som bioingeniør i grunnstilling for perioden januar 2027 til august 2028. Stillinga inngår i seksjonen sin turnus, og det må påreknast kvelds-, natt- og helgearbeid. Vi oppmodar særleg nyutdanna bioingeniørar om å søkje, då Volda sjukehus gir gode moglegheiter til å byggje brei fagleg erfaring innan medisinsk biokjemi og blodbank. Medisinsk biokjemi og blodbank Volda er stolte av eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og kollegaer som stiller opp for kvarandre. Som bioingeniør hos oss vert du raskt ein del av eit inkluderande fagfellesskap der kunnskapsdeling og trivsel står sterkt. Medisinsk biokjemi og blodbank Volda har 16 stillingar og om lag 19 tilsette. Seksjonen samarbeider tett med laboratoriemiljø ved dei andre sjukehusa i føretaket og tilbyr tenester innan klinisk kjemi, hematologi/koagulasjon og blodbank. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Arbeidsoppgåver Opplæring og arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og klinisk kjemi/immunkjemi. Etter endt opplæring vil du inngå i eit vaktlag i tredelt turnus, med arbeid kvar tredje helg og arbeidstid på 35,5 timar per veke. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som bioingeniør Gode datakunnskapar Må meistre norsk både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert Fleksibel og omstillingsdyktig Evne til å arbeide sjølvstendig og i team Personlege eigenskapar vil bli vektlagt Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass i godt kollegialt miljø Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonJoar Ulstein, Seksjonsleiar, [email protected] ArbeidsstadKløvertunvegen 1 6103 Volda Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5195031234 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 01.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal