Now hiring

Oralkirurg @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL HJELSET - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Bli med på laget som oralkirurg ved ØNH og kjevekirurgi SNR! Vil du arbeide i eit moderne sjukehus med høg fagleg kompetanse, godt tverrfagleg samarbeid og stor påverknad på eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg. ØNH og kjevekirurgi ved SNR har ledig vikariat for oralkirurg i 50–100 % stilling frå 4. januar 2027 til 17. oktober 2027. Arbeidsstaden er det nye, toppmoderne sjukehuset på Hjelset. Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med tett samarbeid mellom kjevekirurgi og øyre-, nase- og halsfaget. Vi legg til rette for god pasientbehandling gjennom nært samarbeid, korte beslutningsvegar og høg fagleg kvalitet. Stillinga er organisert med arbeid på dagtid utan vaktordning, noko som gir gode moglegheiter for balanse mellom jobb og fritid. Vi er opptekne av fleksibilitet og vil så langt det er mogleg leggje til rette for arbeidstid, pendling og bustadløysingar. Arbeidsoppgåver* Hovedsak poliklinisk/dagkirurgisk aktivitet * Det behandles også innlagte pasientar * Behandling av kjeve- og ansiktsskadar i samarbeid med ØNHKvalifikasjonar* Norsk autorisasjon som oralkirurg, spesialist i oral kirurgi og oral medisin * Mestre skandinavisk språk både muntleg og skriftleg * Tidligare relevant erfaring vert vektlagt Personlege eigenskapar* Pasientorientert * Sjølvstendig * Ansvarsbevisst * Personlig eignaheit for stillinga Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår KontaktinformasjonBenny Blomkvist, Seksjonsleiar (lege), [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5194513412 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 17.10.2027 Søknadsfrist: 08.11.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores