Now hiring

Helsesekretær/sekretær @ HELSE MØRE OG ROMSDAL HF SJUKEHUSET NORDMØRE OG ROMSDAL HJELSET - SOMATIKK

NO0A3, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Har du lyst til å jobbe i ein spennande og hektisk bransje? Vi ser etter deg som er sjølvstendig, serviceinnstilt og utadvendt, og som trivst med varierte arbeidsoppgåver og nye utfordringar. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt miljø med engasjerte og trivelege kollegaer. Følgande vikariat er ledige som helsesekretær/sekretær; Vikariat 1: 100 % fra 01.12.26 - 15.08.27 Vikariat 2: 100 % fra 01.11.26 - 30.07.27 Vikariat 3: 100 % fra 01.11.26 - 30.04.27 Vikariat 4: 50 % fra 01.11.26 - 30.04.27 Seksjonen vår yter tenester til sengepostar, ekspedisjonar, poliklinikkar og inntakskontor ved Medisinsk og Nevrologisk avdeling. Vi har ei sentral rolle i pasientforløpet og legg vekt på god service, kvalitet og samarbeid. Arbeidsoppgåver Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver Tett samarbeid med alle faggrupper som har tilknyting til seksjonen Pasientretta arbeidsoppgåver i skranke og telefon Elektronisk handtering av henvisingar og ventelistearbeid Elektronisk handtering av post og dokumentbehandling Rydding i rapportar Kvalifikasjonar Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting Det er ønskjeleg med relevant erfaring Autorisasjon som helsesekretær kan vere ein fordel, men ikkje eit krav Fordel om ein er kjend med å bruke Helseplattformen Personlege eigenskapar Du er positiv og har gode samarbeidsevner Du er ansvarsbevisst og effektiv Du har evne til å jobbe i ein hektisk kvardag Du er fagleg engasjert og initiativrik Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Møre og Romsdal har mykje å vise fram! Her er eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Opplev ville og vakre Sunnmørsalper i Volda, opera og klippfisk i Kristiansund, roser og jazz i Molde og jugendarkitektur i Ålesund. Regionen har et rikt kultur- og konsertliv med både nasjonale og internasjonale artistar, nærhet til flyplass og eit framoverlent næringsliv. Les meir om Møre og Romsdal her . KontaktinformasjonSolfrid Snowball, Seksjonsleiar, 97479072, [email protected] ArbeidsstadOpdølvegen 4 6450 Hjelset Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5185690635 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 22.10.2026 Om arbeidsgiveren: Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores