About this role
Vi søker maskinsjef til vikariat til MF Nordfjord som trafikkerer sambandet Askvoll-Værlandet. Skiftordning er mandag-onsdag, fredag-mandag og onsdag-fredag, deretter 9 dagar fri. Du arbeider dag/kveld. Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. Vikariatet går frå 15.10.26-31.1.27. Vi er også interessent i å komme i kontakt med maskinsjefar som kan ta vakter ved behov. Det er ein fordel at søkar bur lokalt. Vi vurderer kandidatar fortløpande. Arbeidsoppgåver Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001. Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet. Kvalifikasjonar Kompetansesertifikat minimum M3 FSE e-læringskurs Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga. Personlege eigenskaparVi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss.Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Det Norske Maskinistforbund Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. KontaktinformasjonSiv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, +4795700962, [email protected] Arbeidsstad 6980 Askvoll Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5190496054 Stillingsprosent: 100% Engasjement Søknadsfrist: 20.10.2026 Om arbeidsgiveren: Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret. Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald. Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.