Now hiring

Dekkssjef Aukra-Hollingsholmen @ FJORD1 AS

NO0A3, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ledig stilling som dekkssjef/overstyrmann på vår moderne el-ferge MF Norangsfjord. Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir bred erfaring med manøvrering til og frå kai. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press. MF Norangsfjord er eit stabilt og veldrevet fartøy, med engasjert mannskap som er opptatt av gode resultater. Det er eit samband med høg ruteproduksjon og mange timar i skiftplan, som gjenspeilast i lønn. Skiftordninga er 2 veker på, 2 veker av. Ei veke dagvakter og ei veke nattevakter. Søker bør bu lokalt. Arbeidsoppgåver Leiar for dekksavdeling Avløysar for skipsførar Ettersyn på navigasjonsutstyr Oppgåver iht alarminstruks Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk Opplæring, utvikling og trening av personell At mannskapet har riktig verneutstyr At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte At kommunikasjonsutstyr er i orden At billettering og kontroll vert utført At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg Kvalifikasjonar Minimum D3-sertifikat GMDSS/ROC-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund. Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer. Attrakive velferdsordningar. Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av KontaktinformasjonJonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, [email protected] Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5182700563 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 05.10.2026 Om arbeidsgiveren: Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret. Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald. Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores