Now hiring

Matros Leirvåg-Sløvåg @ FJORD1 AS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søker etter ein matros til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg. På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord 1 døgn og har fri 1 døgn i ein periode på 3 veker. Deretter har du 3 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri. Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer. Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg! Vi vurderer kandidatar fortløpande. Arbeidsoppgåver Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen. Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord Alterneringsplikt mellom dekk og maskin Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna Oppgåver knytt til alarminstruks Verne- og miljøarbeid Kundehandsaming Kvalifikasjonar Ferdighetsertifikat eller nok fartstid til å mønstre matros Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga. Personlege eigenskapar Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst. Vi tilbyr Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk sjømannsforbund. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap. Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer. Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag. Reise er ikke dekket. KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected] ArbeidsstedFv57 5953 Fonnes Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5191877900 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026 Om arbeidsgiveren: Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg! Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret. Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald. Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores