Now hiring

Vil du bli vår nye maskinsjef? @ FJORD1 AS

Norway (NO0A3)OnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Solholmen-Mordalsvågen , p.t. MF Ivar Aasen. Som maskinsjef på sambandet blir du nøkkelpersonen i maskinrommet, med ansvar for drift, vedlikehald, tekniske system, og sørgjer for at ferja går trygt og effektivt. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke din tekniske kompetanse og erfaring, samtidig som du jobbar med eit triveleg og inkluderande mannskap. Turnus er 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringsordning og dekka reise ved første og siste vakt i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km for dei som ønskjer å delta på ordninga. Søkjar bør bu lokalt. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav. Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem. Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden. Opplæring av personell under si leiing. Oppgåver knytt til alarminstruks. Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt. Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar. Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn. Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav. Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde. Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert. Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde. Kvalifikasjonar Minimum M3-sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Krise- og passasjerhandtering Gyldig helseerklæring Personlege eigenskapar Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. Vi tilbyr Vi tilbyr ei attraktiv stimuleringordning der du ved å arbeide 7 ekstra dagar årleg får løn tilsvarande 12 overtidsvakter. Reiseutgifter vert dekka ved første og siste reise i arbeidsperiodar der reiseavstanden overstig 30 km. Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund. Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap. Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar. Skiftordning: 2 veker på jobb og 2 veker fri, 1 veke dag og 1 veke natt. Treningsmoglegheiter om bord. KontaktinformasjonJill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518 Arbeidsstad 6411 Molde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord1 AS Referansenr.: 5126802066 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 01.07.2026 Om arbeidsgiveren: Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten. Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter. Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores