About this role
Er du autorisert sjukepleiar, eller tredje års sjukepleiarstudent, og ser du for deg ei framtidig karriere innan ambulanse og akuttmedisin?Ambulansetenesta tilbyr forskriftskurs med nødvendig opplæring gjennom kurs, sjølvstudium og praksis. Kurset er lagt opp med faste datoar i perioden januar til mai. Opptak av søkjarar skjer i desember kvart år. Ambulansetenesta i Helse Førde er organisert i Prehospita avdeling i kirurgisk klinikk. Tenesta har ansvar for all ambulanseverksemd i Sogn og Fjordane.Vi søkjer deg som er motivert for og trivst i eit uforutsigbart miljø. Du set pris på både utfordringar og rutineprega oppgåver. Ein jobb i ambulansetenesta inneber å vere ein god kollega, arbeide i sjølvstendige team og saman finne gode løysingar til det beste for pasientane. Dersom du allereie er tilsett i Helse Førde, kan du ikkje ha meir enn 50 % stilling før oppstart, for å få tilbod om vakter. For å kunne starte på kurset må du ha gjennomført og bestått både intervju og fysiske testar. Før du søkjer, er det viktig å setje seg inn i korleis kurset er lagt opp, og dei fastsette datoane. Det er obligatorisk oppmøte på alle samlingar, så du må vere budd på å avsette ein del tid. Det skal gjennomførast minimum 100 timar hospitering i ambulanse ved ein tildelt stasjon i løpet av kursperioden. Kurset inneheld generell e-læring, som skal gjennomførast i eige tempo. Nokre av e-læringskursa er direkte knytte til samling 1 og 4. Det blir tilrådd å gjennomføre desse nær opp mot dei fysiske kursdagane for å få best mogleg læringsutbyte. Det samla omfanget av e-læringa i vikarkurset er om lag 18 timar, utanom e-læring knytt til samlingane om akuttmedisin og traume. Fysisk test og intervju: 8. eller 9. desember 2026 Samling 1 – praktiske ferdigheiter: 22.–24. januar 2027 (helg) Samling 2 – akuttmedisin: 2.–3. mars 2027 Samling 3 – traume: 6.–7. april 2027 Samling 4 – simuleringsdag: 22. mai 2027 (helg) Kandidaten må sjølv melde seg opp til og skaffe seg førarkort klasse C1. Ved å arbeide minimum seks veker om sommaren, i perioden veke 25–33, får ein dekka 12 500 kroner per år i to år, totalt 25 000 kroner.Ein må gjennomføre alle planlagde samlingar og all praksis, og bestå utsjekk samt hospitering før ein kan starte å arbeide. Etter at desse kriteria er oppfylt, kan ein få kontrakt etter avtale.Kurset blir gjennomført i regi av Helse Førde, med mål om å rekruttere tilsette til eiga teneste. Som vikar må ein rekne med å arbeide ved fleire stasjonar i Helse Førde sitt nedslagsfelt.