Now hiring

Psykologspesialist @ Helse Førde

FørdeOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Psykiatrisk klinikk har ledig 100 % fast stilling som psykologspesialist i Førde. Stillinga er plassert ved Akutt Døgn, og psykologspesialisten inngår i behandlarteam saman med overlegar, legar i spesialisering (LIS) og sosionom. Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Klinikken har også sjukehusoppgåver med Akutt Døgn som har ØH plikt, sikkerheitspost og ambulant vaksenhabilitering. Helse Førde sitt opptaksområde omfattar om lag 110 000 innbyggjarar. Akutt Døgn er ein lukka akuttpsykiatrisk sengepost med 15 sengeplassar. Vi flytta inn i nybygg i 2021. Vi tek imot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp og har døgnkontinuerleg akuttberedskap. Akutt Døgn tek imot pasientar til både frivillig og tvungent psykisk helsevern. Ønskjer du ein variert og spennande arbeidskvardag i eit triveleg arbeidsmiljø, kan dette vere stillinga for deg. Nyttig informasjon ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores