About this role
Kom og bli med oss! Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar som ønskjer ein variert, lærerik og meiningsfull arbeidskvardag.3 x 100 % fast stillingHos oss får du arbeide tett med pasientar innan nevrologi, spesialisert rehabilitering og indremedisin. Du blir ein del av eit fagmiljø der samarbeid, kompetansedeling og utvikling står sentralt, og der du får høve til å byggje brei klinisk erfaring.Nevrologi og rehabilitering sengepost er lokalisert i 4. etasje i nybygget LIVA og har 26 moderne einerom. Sengeposten omfattar 12 nevrologisenger, inkludert to overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Vi har også åtte senger innan spesialisert rehabilitering og ei treningsleilegheit, der vi følgjer pasientar gjennom viktige steg på vegen tilbake til kvardagen. I tillegg har vi fem medisinske senger med hovudvekt på indremedisinske tilstandar.Hos oss møter du pasientar i ulike fasar av sjukdom og rehabilitering, noko som gir ein spennande og variert arbeidskvardag. Vi er stolte av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling.Har du interesse for nevrologi, rehabilitering eller indremedisin, håpar vi at du vil søkje hos oss. Vi ser fram til å høyre frå deg!