About this role
Barn og unge sengepost og poliklinikk ved Førde sentralsjukehus har ledig 100 % engasjement som helsefagarbeidar.Periode: frå snarast til 30.04.2026Grunna permisjon og pågåande omorganisering og tenesteutvikling i avdelinga, har vi ledig ei engasjementstilling som helsefagarbeidar. Tidlegare var stillinga knytt til poliklinisk drift, men sengepost og poliklinikk er no samlokalisert i same etasje og organisert i ein felles seksjon: Barne og unge sengepost og poliklinikk.Endringar i drift kan påverke innhald og organisering av stillinga. Stillinga er i første omgang i poliklinikken, men vil kunne nyttast i både poliklinikk og sengepost, avhengig av behov.Helse Førde er i ein prosess med vidare tenesteutvikling, og framtidig organisering av seksjonen og tilhøyrande oppgåver er ikkje endeleg avklart. Arbeidsoppgåver kan derfor bli justerte i tråd med utviklinga i tenesta. Om avdelingaBarne og ungdom sengepost og poliklinikk, er ein spennande og variert seksjon med eit breitt fagfelt. Vi har spesialisthelsetenesteansvar for barn og unge i alderen 0–18 år. Poliklinikken gir medisinsk utgreiing og oppfølging. Dei mest vanlege diagnosane er innan: astma og allergi, diabetes og endokrinologi, mage–tarm, hjarte, nevrologi, nyre og urinvegar, revmatologi, infeksjonar og nyfødtmedisin.Sengeposten tek imot barn og unge med eit breitt spekter av medisinske, kirurgiske og ortopediske tilstandar, samt premature og sjuke nyfødde.Ved tilbod om tilsetjing må det leggast fram tilfredsstillende politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.