About this role
Intensiv Førde sentralsjukehus har ledig fast stilling for engasjert og dyktig intensivsjukepleiar. Oppstart i løpet av året, eller etter avtale. Om stillingaStillinga inngår i årsturnus med tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg. Arbeidsstad er Førde sentralsjukehus. Stillinga kan ikkje delast.Det er krav om deltaking i tredelt turnus, inkludert sein- og nattevakter. Om avdelingaIntensivavdelinga i Førde har sentralsjukehusfunksjon for Sogn og Fjordane. Avdelinga behandlar både medisinske og kirurgiske pasientar, frå pasientar som treng oppfølging etter mindre kirurgiske inngrep til intensivpasientar med behov for non-invasiv eller invasiv respirasjonsstøtte. Avdelinga tilbyr pasientar mellom anna hemofiltrasjonsbehandling og hypotermi etter hjartestans.