Now hiring

Sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning @ HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

DPS Døgn psykose har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/sjukepleiar med relevant vidareutdanning. Vikariat frå snarast til og med august 2027. Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø. DPS Døgn psykose har 8 døgnplassar og 1 brukarstyrt plass. Vi er ein open spesialisert post for pasientar med psykoselidingar. Vi tek imot pasientar frå Sunnfjord og Ytre Sogn. Hovudoppgåva er utgreiing, behandling og rehabilitering med fokus på miljøterapi. DPS Døgn psykose tek imot pasientar til både frivilleg og tvungen psykisk helsevern. Vi tilbyr ein lærerik arbeidskvardag i eit inkluderande arbeidsmiljø. Arbeidsoppgåver Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen Gi psykiatrisk pleie og omsorg Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg behandling på avdelinga Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til seksjonen Andre oppgåver etter avtale med leiar Turnusarbeid, langvakter på helg kan vere aktuelt dersom ønskjeleg. Mulighet for langvakter i vekedagar er under kartlegging. Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som sjukepleiar Relevant vidareutdanning (f.eks. psykiatri eller SEPREP) blir vektlagd, men er ikkje eit krav. Relevant erfaring er ønskjeleg Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg Personlege eigenskapar Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottar gjerne hjelp Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeider stabilt under press Personleg eignaheit vert vektlagt Vi tilbyr Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling Opplæring Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonStephanie Levy, Seksjonsleiar, (+47) 993 78 985 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5187045198 Stillingsprosent: 100% Vikariat Sluttdato: 31.08.2027 Søknadsfrist: 13.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores