About this role
Reinhalds- og tekstilavdelinga i Førde har 35 årsverk og leverer reinhalds- og tekstiltenester til avdelingane ved Førde sentralsjukehus. Reinhaldsavdelinga har ledig to faste stillingar i 100 % som reinhaldar. Stillingane er knytte til sjukehuset sin bygningsmasse i Førde, og arbeidsoppgåvene vil for tida hovudsakleg vere knytte til alle bygg ved sjukehuset. Arbeidstid - Arbeidstida er organisert i ulike vaktskift innanfor tidsrommet kl. 06.00-21.00 på kvardagar, inkludert ettermiddags- og kveldsvakter etter gjeldande vaktplan. - Det er arbeid kvar tredje laurdag og arbeid på helge- og høgtidsdagar etter gjeldande vaktplan. Arbeidsoppgåver Dagleg reinhald av til dømes behandlingsrom, pasientrom i sengepost, kantine, bad og toalett, kontor og fellesareal. Reinhald av operasjonsstover ved augeoperasjonar Behovsstyrt reinhald av obduksjonssal. Periodisk reinhald av dei ulike romkategoriane ved sjukehuset. Bruk av ulike typar reinhaldsmaskiner, inkludert sittemaskiner Smitteutvask Utføre eigenkontroll av reinhaldsarbeidet i tråd med gjeldande kvalitetskrav i reinhaldsstandard Insta 800 Bruk av enkle dataverktøy i det daglege arbeidet Delta i utprøving av nye metodar og løysingar som kan effektivisere reinhaldsarbeidet, til dømes reinhaldsrobotar Kvalifikasjonar Fagbrev i reinhaldsoperatørfaget. Ved mangelande kvalifiserte søkjarar med aktuell fagkompetanse, vil søkjarar med erfaring frå reinhaldsyrket verte vurdert. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Kjenne til og arbeide etter standard for reinhaldskvalitet Insta 800 og NS 6600. Må kunne planleggje og utføre periodisk renhold Må kunne bruke ulike typar reinhaldsmaskiner, oinkludert sittemaskiner Kjennskap til smitteoverføringspunkt og korleis desse skal reingjerast. Kjennskap til skiljet mellom reine og ureine soner Må kunne bruke nettbrett, då alle reinhaldsplaner er digitale. Må kunne bruke PC, då kurs, prosedyrar og kompetanseplanar er digitale. Ha interesse for å lære nye og meir effektive metodar innanreinhald, til dømes bruk av større og mindre reinhaldsrobotar. Personlege eigenskapar Vere stabil og påliteleg Vere målretta, initiativrik og får arbeidsoppgåvene gjennomført med god kvalitet Ha engasjement for reinhaldsfaget og vere oppteken av å lbidra til eit reint og hygienisk sjukehusmiljø Kunne arbeide både sjølvstendig og i team Trivast i eit travelt og omskifteleg arbeidsmiljø Ta initiativ til å lære ny teknologi og tileigne seg ny kunnskap innan reinhaldsfaget Bidra til å skape eit trygt og positivt arbeidsmiljø Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Relevant opplæring for stillinga Varierte arbeidsoppgåver. Eit triveleg arbeidsmiljø Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonElin Høyland, Husøkonom, (+47) 578 39 378 ArbeidsstedFørde sentralsjukehus 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5182940011 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 01.01.2027 Søknadsfrist: 05.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.