Now hiring

Spennande stillingar for sjukepleiarar @ HELSE FØRDE HF FØRDE SENTRALSJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer engasjerte sjukepleiarar til Kirurgisk sengepost ved Førde sentralsjukehus. Ledige stillingar 1 x 100% fast stilling: oppstart frå snarast eller etter nærare avtale 2 x 100% vikariat: 18.01.2027 - 16.01.2028 1 x 100% vikariat frå snarsat - 31.08.2027 Vi ber om at du opplyser i søknaden kva stilling du søkjer på, eller om du ønskjer å bli vurdert for alle stillingane. Er du klar for ein kvardag med høgt tempo, fagleg utvikling og eit sterkt fellesskap? Då kan dette vere stillinga for deg! Kirurgisk/ØNH/auge sengeposten ved Førde sentralsjukehus (FSS) er ein kombinert heildøgn- og femdøgnspost der heildøgnsposten har 16 sengeplassar og femdøgnsposten 8 sengeplassar. Vi tek imot både elektive pasientar og pasientar med behov for augeblikkeleg hjelp innan eit breitt spekter av kirurgiske fagområde: Augekirurgi👁 Endokrinkirurgi🧠 Gastrokirurgi 🍽 Karkirurgi🫀 Plastikkirurgi🧬 Thoraxkirurgi🫁 Urologi💧 Øyre-nase-hals-kirurgi (ØNH)👂 Vil du bli ein del av vårt team? Arbeidsturnusen er tredelt, med moglegheit for langvakter. Hos oss får du arbeide med dyktige kollegaer og vere ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å gi pasientane best mogleg pleie og behandling. Send inn søknad i dag og bli med på å forme framtidas kirurgiske behandling ved Førde sentralsjukehus! Arbeidsoppgåver Pre-og postoperativ sjukepleie, akuttsjukepleie, palliasjon Prosedyrer knytt til dei ulike fagområda Medikamenthandtering Dokumentasjon og rapportering Tverrfagleg samarbeid Samhandling med kommunehelsetenesta Kven er du? Vi ser etter deg som: Er norsk autorisert sjukepleiar Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Har interesse for kirurgiske fag og varierte oppgåver Det er ønskjeleg med kirurgisk erfaring/kompetanse innanfor fagfelta t.d. gastro (stomi), urologi, plastikk, karkirurgi, thorax, øyre/nase/hals (tracheostomi) eller auge. Har medisinsk teknisk kunnskap og IT- kompetanse, fordel å ha kunnskap om programma DIPS Arena, IMATIS, Meona og Orbit Personlege eigenskapar Tilpassingsdyktig Ansvarsbevisst Gode kommunikasjonseevner Vere ein god teamarbeidar Må trivast i eit aktivt og travelt miljø Sjølvstendig Kva kan vi tilby deg Ein variert og spennande arbeidskvardag med mange prosedyrar og utfordringar Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, fokus på kvalitet og fagleg utvikling Inspirerte og dyktige kollegaer som er gode på samarbeid og trivst i lag Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonLinn Beate Årnes, Seksjonsleiar, +47 952 06 487 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 FØRDE Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5182752842 Stillingsprosent: 100% Fast, Vikariat Søknadsfrist: 11.10.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores