About this role
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar Me ser etter ein motivert person som er interessert i mennesket og som vil yte god service overfor publikum. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, kommunikasjonsevner, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare søker vi etter deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom dine haldningar og handlingar i det daglege arbeidet. Evna til å være trygg, nærverande, lyttande og å bygge tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i vår organisasjon. I vår vurdering av kandidatar er blant anna dette no vi vil legge vekt på, samt evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø. Om stillinga Det er ledig vikariat som rådgivar ved Etne og Vindafjord politistasjon. Vikariatet varer til 01.12.2027, med moglegheit for forlenging. Sjøl om hovedarbeidstad er Ølen, så må den ansatte være forberedt på å reise til lokasjonene i Sauda og Suldal ved behov. Pr. dags dato er det 30 medarbeidere på heile driftseiniga Sauda/Suldal/Etne/Vindafjord. Som rådgivar hos oss må du ha gode kommunikasjonsevner. Du vil få ansvar for spesifikke arbeidsoppgåver som passhandsaming mv, men du må også være fleksibel og bidra inn der det er behov. Eit godt arbeidsmiljø er "ferskvare", og me tenkjer at dette er noko me må jobbe med kvar dag. Me jobbar for at kvar einskild medarbeidar skal oppleve utvikling i jobbkvardagen. Me er på jobb for eit trygt Norge. Som ein del av politiets viktige samfunnsoppdrag, skal me forebygge og bekjempe kriminalitet, skape tryggleik og ivareta rettstryggleiken. Me trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søker derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil me gjere vårt beste for å gi deg det du treng. Arbeidsoppgåver Motta, registrere og behandle søknader om pass og nasjonalt ID-kort Publikumskontakt og resepsjonsteneste Handsaming av innleverte våpen Hittegods Handtere og utføre forkynninga Tenesteplanlegging HR-oppgåver som utarbeiding av arbeidsavtalar mv. Leiarstøtte som til dømes utforming av budsjett, økonomistyring mv. Utføre andre gjeremål og oppgåver som til ei kvar tid høyrer til ved driftseininga Kvalifikasjonar Dette må du ha for å være kvalifisert: Relevant bachelorgrad, fortrinnsvis innan økonomi/administrative fag eller tilsvarande. Lang relevant erfaring kan kompensere for heile eller delar av utdanningskravet God dugleik i bruk av dataverktøy God skriftleg og munnleg framstillingsevne Førarkort bil, klasse B Det er også ønskeleg med: Erfaring frå kundeservice og offentleg forvaltning. Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggeast fram før eventuell tilsetting. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, vil det bli innhenta opplysningar om deg frå politiets sine register. Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner og høg arbeidskapasitet Evne til å arbeide effektivt og nøyaktig Sjølvstendig og serviceinnstilt Fleksibel og løysingsorientert Handlingskraftig og initiativrik Evne til å sjå heilheit i driftseininga sitt arbeid Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du er kjenneteigna ved å være modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våre etiske retningslinjer og medarbeidarplattform her . Dette kan vi tilby om du vel oss Stillingen er løna som rådgivar (stillingskode 1434) med årslønn fra kr. 640 000 brutto per år Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir her . Gode arbeidsvilkår (dagtid, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida) Mangfald i politiet Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hull i CV-en, er det mogleg å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søker jobb i staten her . Opplysningane du gir, blir brukte til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc Slik søker du Du søker ved å fylle ut CV i Jobbnorges CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du legge ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlisten. Dersom anmodningen ikke blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. Om arbeidsgiveren: Sauda og Suldal har administrasjonsstad og tenesteeining i Sauda kommune og tenestestad i Suldal kommune. Politistasjonsdistriktet dekkjer Sauda kommune med omlag 4.500 innbyggjarar og Suldalkommune med omlag 3.800 innbyggjarar. Etne og Vindafjord politistasjonsdistrikt har tenesteeining i Ølen i Vindafjord kommune. Politistasjonsdistriktet dekkjer Vindafjord kommune med omlag 8.800 innbyggjarar og Etne kommune med omlag 4.000 innbyggjarar. Sauda og Suldal er ein del av indre Ryfylke, Etne og Vindafjord ein del av indre Haugalandet og kan by på flott natur, jakt og fiske og eit aktivt næringsliv. Det går direktebåt til Stavanger og Bergen, og er eit godt busstilbod til Haugesund. Kommunane har eit godt og bredt tenestetilbod til innbyggjarane. Sør-Vest politidistrikt har ca. 555.000 innbyggjarar fordelt på 29 kommunar. 23 av kommunane ligg i Rogaland, medan 5 kommunar er i Vestland og 1 i Agder fylke. Politidistriktet strekker seg frå Moi og Lund kommune i sør, til Bømlo og Fitjar i nord, og med kommunene Suldal og Sirdal i aust. Sør-Vest politidistrikt er eit mangfaldig distrikt med byar, bygder og tettstader i alle storleikar. Næringslivet er variert. Olje- og gassindustrien står sentralt, saman med jordbruk, fiske, sjøfart og industri av ulike slag. Politidistriktet er prega av svært variert natur, og dette gir gode moglegheiter for rekreasjon, både ved fjord og fjell. Distriktet har eit rikt kulturliv. Politidistriktet har ca. 1250 tilsette, og har i tillegg til dei ordinære politioppgåvene, eit særskilt ansvar for politioppgåver knytta til kontinentalsokkelen og eit spesielt ansvar for handsaming av sjøfartssaker. Politimeisteren er i tillegg operativ leiar for Hovedredningssentralen for Sør-Norge. Som medarbeidar i politiet er du kjenneteikna som modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Hovudmålsettinga for distriktet er å møte publikums behov for tryggleik, lov og orden.